Dorrit Vignes starter Vignes Kulelagertenester.
Etter mange år med ein god del frustrasjon over det som ikkje blir sagt høgt eller gjort noko med på norske arbeidsplassar, har Dorrit Vignes no starta for seg sjølv. Ho tilbyr kurs, rådgiving og foredrag med fokus på ytringsklima, etikk og leiing – og ønskjer å gi folk språk og verktøy til å stå i dei vanskelege samtalane, slik at ein får til meir saman. Ho har publisert forsking i MAGMA – tidsskrift for økonomi og leiing, og utvikla det faglege rammeverket Kulelagermodellen – eit verktøy for å styrke dialog og førebyggje konflikt. Verksemda, Vignes Kulelagertenester, held til på Finnøy og ho tilbyr både fysiske og digitale kurs.